Nyhetsarkiv
-
Artikkel i avisa, frå serien "Barnehagane har ordet". Om verdien av planleggingsdagar
-
Foreldremøte tysdag 10. 09
-
Årsplan 24-25
Vår årsplan og hovedmål for vårt arbeid med borna i barnehagen
-
Kunstkafe
-
Planleggingsdager med Jan Spurkeland i Nygård barnehage, 9.-10.oktober 23
Fantastiske, innholdsrike og lærerike dagar med mykje trening og coaching fra den beste på relasjonsarbeid!
-
Foreldremøte 26.09
Foreldre dialogmøte med besøk frå familiehuset, orientering om ICDP foreldre rettleiings kurs
-
Barnehageruta 2024/25
-
Rekomp, regional kompetanseutviklings prosjekt i Nygård barnehage 2022-2024
Vi driv med utviklingsprosjekt i samarbeid med HVL kring psykososialt miljø og endringar i barnehagelova som kom 2021.
-
Utdanning med fokus på relasjonskompetanse
https://eqi.no/endelig-en-videreutdanning-i-relasjonskompetanse/
-
Kunstkafe
Det nermer seg kunstkafé og vi gledar oss✨✨
I lengre tid har vi arbeida med kreative prosessar og med ulike metodar. Kunsten og det kreative har ein STOR verdi i seg sjølv, og ein ekstra bonus er det å kunne hjelpe andre gjennom å lage kunstkafé med ekte kunstverk til salgs😍
Mandag 28.11 ønsker vi foreldre og besteforeldre velkomne på utandørs kunst kafe✨✨
Vårt faste bistandsprosjekt til hjelp for barneheimen vi støttar i Tanzania gjennom organisasjonen « Make possible» ♥️
Gjennom vår kunst skapar vi mulighetar, for eigen skaperglede OG for andre♥️ -
Barnehageruta 22-23
-
Personalet i Nyård barnehage.
-
Relasjonsarbeid i Nygård barnehage
I våre relasjonar ligg løysinga
-
Årsplan 21-22
-
Opningstider
Ordiner opningstid 7.20-16.30 , er igang når vi er på "grønt lys" frå myndighetene iht covid-19 tiltak. -
Foreldremøte og personalmøte med fokus på førebyggande arbeid mot mobbing. Foredrag og gr arbeid med mobbeombod Aina Drage
Vi fekk invitere dyktige Aina Drage som arbeider som mobbeombod i Sogn og Fjordane til å kome å halde foredrag for oss i vårt haust foreldremøte, samt arbeid i personalgruppa etterpå. Dette vart svært nyttige økter kring vårt arbeid med sosial kompetanse i barnegruppa. Fokus på tre øvingar: øve på empati, øve på sjølvhevding og øve på problemløysing. Tusen takk til Aina for super veiledning og støtte i det viktige arbeidet.
-
Nygård barnehage på Nrk :)
-
Film frå hausting i Nygård barnehage
https://vimeo.com/296390926
-
Syngande barnehage- Vi ynskjer arbeide mykje med sang i vår barnehagekvardag
-
Ut på tur med knertar som tek ein lur
Knertane søv veldig godt ute i det fri:)
-
Mestring for små Knertar på tur
-
Sjå ny film om Nygård banehega på vår facebook side!
-
Vi eelsker desember og nissestrekar i Nygård barnehage. sjå vår film på www.youtoube.nygaard barnehage
-
Plan for vennskap, mot mobbing. Les ang gode tips for å oppnå eit godt miljø for alle born
-
Tema-foreldremøte i Nygård barnehage. "Kven vert eg i møte med barnet når det utfordrar meg?"
Tusen takk til Janne Alander som heldt eit særs godt og viktig foredrag til ettertanke for oss i går kveld. Tusen takk til alle som deltok. Nermare referat kjem.
-
Fokusområde 5 - kvalitet i lesestund
Vi gledar oss til å ta fatt på nytt fokusområde og å heve kvaliteten enda eit hakk , og satse for å lære meir om betydninga av gode lesestunder, for alle barn. Neste 6 mnd er dette felles fokus i alle Gloppen barnehagane.
-
Søknadskjema for barnehageplass og skjema for endring av barnehageplass finn de på Gloppen kommune si heimeside
Det er samla opptak for alle barnehagane i Gloppen
-
Samarbeid!
-
Besøk av spesialrådgiver Dessima Williams i Nygård barnehage😀
Fantastisk å få møte Dessima Williams , spesialrådgiver i FN i barnehagen vår i dag! For ei herleg og imponerande og inspirerande dame! Temaet var kring bærekraftig utvikling i alle ledd, og verdien av tida vi brukar med borna medan dei er små. Empati og å ha hjerte for andre som overordna rettesnor❤️tusen hjertelig takk for besøket! På fellesbildet held vi opp alle måla til FN om bærekraftig utvikling
-
KrF på besøk i barnehagen vår😀Ein fin anledning til å bl.anna å løfte fram verdien av små grupper og kvalifisert personal
-
Kjekt politikar besøk i barnehagen vår! Knut Arild Hareide, Tore Storehaug m.fl
Det var stor stas å få besøk av partitoppane i KRF 07.08.17! Vi fekk verkeleg pang start på det nye barnehageåret! Supert at politikarane kjem ut i barnehagane for å diskutere barnehagepolitikk og sjå korleis vi har det. Tusen takk for besøket!
-
Plan for vennskap, ein god plan mot mobbing i Gloppen barnehagane. Planen finn de når de klikkar her.
-
"Den grøne tråden", ein blogg som dokumenterer arbeid iht klima og miljø i barnehage og skule. Les omNygård barnehage og andre på : https://dengronetraden.wordpress.com/
Barnehagane og skulane skule sender inn to bidrag til bloggen per semester,
Frå barnehagane til vidaregåande skule er det eit grønt fokus på natur og bærekraftig utvikling.
Ta ein kikk på bloggen og innlegg frå Nygård bhg på
: https://dengronetraden.wordpress.com/ -
Aktiv oppdatering og dokumentasjon av vårt pedagogiske tilbod på lukka facebook gruppe for våre brukarar
Nygård barnehage As nyttar med hell facebook for dokumentasjon på intern lukka side for våre brukarar, samt ei offisiell fb side som oppdaterast jevnleg men mindre hyppig enn den interne. Det same gjeld nettsida vår. Den oppdaterast jevnleg, men er ikkje den viktigste kjelda vår for jevnleg pedagogisk domumentasjon.
-
Rettleiarutdanning
Vi nyttar rettleiing aktivt i personalet. Styrar og pedagogisk leiar på småbarn avd har begge vidareutdanning med 30 stp ved høgskulen på vestlandet, rettleiing og mentoring 2.
-
COS i barnehagen (circle of security)
Handlar om å vere større, sterkare, klokare og god. Også emosjonellt. Kanskje noko av det vanskeligaste når borna eller ein sjølve strevar med noko? Eit viktig mantra å ha med seg både i arbeidet med borna i barnehagen og som foreldre. Vi har hatt opplæring av programmet i personalet og hatt foreldremøte med besøk frå team for tidleg innsats der cos var tema. Vi vil prioritere tid til dette arbeidet jamt i framtida!
-
Besteforeldrekafe 2017 og prosjekt Make Possible nermar seg. Vi gledar oss til kafe 24.november i Nygård
Fredag 24.11.17 arrangerar vi besteforeldrekafe i barnehagen:) Ifjord tjente vi 10 000,- på salget av flott barnekunst og lodd til basar. Inntekta er sendt til bistandsprosjektet Make Possible i Tanzania. Vi er med og hjelper barn i alderen 2-16 år som vert tekne hand om på Bibis home i Arusha. Vi sender julegaver og har omvendt julekalender i barnehagen for dei eldste barna. Det er kjekt å gi!!!
-
Grøne verdiar i Nygård barnehage
Nygård barnehage har 2 mål ulendt terreng med grønt areal, skog og tre, frukt og bær innanfor barnehageportane. Vi er ein barnehage med innslag frå gardsbarnehage med minifjøs, høner og kaniner som ein viktig del av vår kvardag der naturen og bærekraftig utvikling spelar ei viktig rolle i vårt pedagogiske tilbod til borna.
-
Inkluderande felleskap med Egner stund i barnehagen kvar fredag
-
Kyllingane våre klekkte på dag 21, heilt etter boka: )
19 egg la vi i rugemaskina og hanen vår Anton har jammen gjort jobben! alle egga var befrukta, og 14 av dei kom levande ut av egget av eigen kraft: ) 5 små fekk ikkje sjå dagens lys og det er alltid trist, men lærerik prosess og mange viktige samtalar har vi fått kring liv og død.
-
leiken er viktig og lærerik! Vi har auge for kvardagsmagi og den gode leiken som alle born treng å delta i. Den er som bensin, som drivstoff for sjølve livet
Vi oppfordrar til den frie og kreative leiken, inne og ute. Som vaksne rollemodellar er vi bevisst barndommens eigenverdi og betydninga av leik i barnas liv. Gjennom å målretta arbeide for at alle born skal få delta i inkluderande leik sikrar vi trivsel, utvikling og vekst på alle områder.
-
Bestepraksis kring velkomst. Vi er opptekne av å gi den enkelte ein god start på morgonen og tek imot borna med nærleik og kjærleik. Levande lys er med å skape god stemning inne og ute.
-
Vår visjon: "kvardagsmagi og vennegaranti", mykje meir enn fine ord.
Vi arbeider for og med vennskap, humor& glede! Det er viktig at alle born får oppleve vennskap og at dei får vere i eit positivt miljø med vaksne som tullar og tøysar i kvardagen. Det skapar eit positivt miljø for små og store der den enkelte får vere seg sjølv, utvikle seg og verte sitt potensiale.
-
Vinter og iskunst, div forsknings prosjekt. stort fokus på fagområdet natur, miljø, teknikk
-
Indianarane kjem! Vi er stolte og glade for vårt nye uteområde
Tipiområdet vårt, eit spennande uterom å leike og vere i! Kjekke berg å klatre i utanfor og fint og spennande rom å vere i inne i titiane. Gledar oss til div indianar treff her:)
-
Vi eelsker desember og nissestrekar i Nygård barnehage. sjå vår film på www.youtoube.nygaard barnehage
Vi har laga vår egen nissestrek film! Eit sjult kamera har fanga opp sjølvaste Ole Brumm og Julenissen i Nygård barnehage etter mørkets frambrudd.... Gå inn på vår face book side å sjå filmen eller søk på www.youtoube og søk på Nygård barnehage:)
-
Forskningsprosjekt " Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane"
Dei fleste barnehagane i Gloppen deltek i prosjektet som vert satt i gang våren 2016. Vi gledar ogg til å delta i samarbeid med HISF
-
Utviklingsarbeid i barnehagane i fokus. Gloppen kommune har søkt og fått tildelt OU-midlar til eit utviklingsarbeid innan leiing og kvalitet i barnehagane.
I arbeidet er alle dei 8 barnehagane i kommunen med og vi har med oss konsulentselskapet Triangel til å leie prosessane. -
Heldiggris og kosegris har hatt eit fantastisk liv på Nygård.
Grisane våre var blitt store og måtte slaktast. Dei skal bli til bacon, kotelettar og anna godt. Vi har passa godt på dei, og no skal dei bli god og sunn mat som vi kan nytte i lang tid framover:)
-
Vi er heldige å ha stor hage med variert terreng. Bærbusker og dyr skapar gode rammer for borna.
Vi veit og vi kjenner, at i grøntområdet er det mindre lyd og vi blir meir i eitt med naturen. Her kan vi slappe av og nyte, leiken og livet! Motorisk utfalding og "gratis" stimulering direkte fra naturen.
-
Rolleleik i fokus
Leiken har stor verdi i seg sjølv. Borna er oppslukte i øyeblikket og lever "her og no". I rolleleiken lærer borna sosiale kodar og dei øvar seg i samhandling for framtida.
-
Gøy på landet! Barn+ dyr= sant!
Det ligg tilrette for gode barndommsminner og god begrepslæring i tett samarbeid med naturen og dyra våre på Nygård. Nære relasjonar og trygg tilknytning er utgangspunktet for all leik og læring.
-
Heilskapleg læring, medverknad i heile prosessar
-
Sjølvstende trening og hjelpe kvarandre trening!
Hjelpe kvarandre, , samarbeid, mestring, klare sjølv! Viktige stikkord på vei mot å bli enda litt meir sjølvstendig og klar for vegen vidare ut i livet
-
vennskap, tryggleik og nærhet
Barnehagen arbeider for at alle skal få oppleve å ha venner og ha ein kvardag i ein barnehage der dei kjenner seg trygge, glade og likestillte i eit godt felleskap med små og store.
-
Sunn mat i sunt og aktivt miljø
Fokus på sunn mat og helse
-
De nære ting
Vi er opptekne av barns oppvekstvilkår, leik og venskap, dyr og frodig hage som vi har mange planar for i framtida. Fokus på entrepenørskap, vi skaper noko saman for framtida. Det ligg i navnet:) NY GÅRD BARNE HAGE. I vår hage tenkjer vi på dei grøne verdiane, men også minst like mykje på korleis det psykiske oppvekstmiljøet vi tilbyr borna er.
-
Fjøsen vår og dyra på Nygård
-
De finn oss og på facebook, sjå: Nygård barnehage. Foreldregruppa får og om de ynskjer tilgang til lukka gruppe med "dagens bilde". Kjekt å få dele glimt fra dagen med dykk som foreldre!
-
framlegging av likestillingsprosjekt i Høyanger
Nygård bhg v/ Marianne og Ragne Mari vart invitert til planleggingsdag i Høyangerfor framlegging av likestillingsprosjektet vårt. Vi la fram Power point og div materiell vi har nytta, samt ein del praksisforteljingar . Utfordrande og spennande!
-
Uteområdet i Nygård barnehage
Vi har 4 mål med ulendt terreng innanfor barnehageportane . Det synast vi er fantastisk! Naturmark, plantar, frukttre, bærbusker , fjøsen og dyra våre gjev mykje aktivitet i seg sjølv.
-
Nygård barnehage
-
Den viktige vaksne
Det aller viktigaste for god kvalitet i barnehagen er den gode nære vaksne som ser barnet og er opptekne av deira ve og vel.
At vi er fokusert på barna som enkeltindivid og behandlar dei med stor respekt og omsorg skal vere ein sjølvfølge i Nygård barnehage. Alle skal vere garantert vennskap og felleskap hos oss. Barndomen har uerstatteleg verdi og denne forståinga ligg til grunn for alt vårt arbeid. -
Barnehagerommet og LYD. Flott prosjekt med kunst og lydisolering i eit fantastisk produkt laga av Annemieke Koopmans
Vi er opptekne av rom, både ute og inne. Rommet er som ein "tredje pedagog", og er svært viktig for barnas leik og læring. I barnehagar generellt
vert lyden ofte for høg og dette jobbar vi med. -
Vi er venner som leiker dagen lang!!! Rolleleik i fokus
Rolleleik er ein aktivitet som vi set høgt og prioriterer tid til. Både faste rolleleik grupper og spontan rolleleik er på dagsorden. Vi ynskjer stimulere leiken og hjelpe borna til god leik. Med dette meiner vi at vi ynskjer at borna skal få prøve ut ulike roller, halde på leiken over litt tid, tilføre nye element når dette trengs, observere og vere aktive vaksne i leiken. Alle born skal få vere med i variert og kjekk leik. Vi veit at da vert det og mykje god læring!