Vi arbeider aktivt for at dette skal vere ein barnehage med kvardagsmagi og vennegaranti. For oss betyr det at vi er bevisste vårt store mål og ambisjon, og at vi arbeider systematisk med relasjonskvalitet i vårt samspel med born og vaksne. Slik kan vi saman oppnå felleskap og gode dagar.
Alle er unike og ulike, alle er gode nok- akkurat som den ein er! At alle barna i barnehagen vår opplev å vere ein del av barnehagefelleskapet er vårt hjerte nært, og vi arbeider systematisk for å få til dette.
Vi legg til rette for gode felles opplevingar gjennom leik, aktivitetar, turar, glede og humor, samt gjennom å vere emosjonellt nær borna når dei treng det, gjennom å bilby tilpassa trøyst og tryggleik.
Vi arbeider aktivt for at kvart enkelt barn skal kunne få oppleve tryggleik, vennskap, glede og kvardags magi.