Vaksenrolla er i fokus, utvikling av trygge relasjonar og strategisk arbeid for felleskap og vennskap for alle born. Vi har stort fokus på relasjonell og fagleg utvikling og er ein barnehage i stadig utvikling. Vi er jevnleg med i forskning i samarbeid med HVL og andre fag-samarbeidspartnarar, har studentar i praksis og er elles med på mykje spennande.
Vårt fysiske miljø er tilrettelagt og romslig, både ute og inne.
Vi ynskjer skape eit miljø som er godt å vere i , med stor respekt for barndomens eigenverdi.
Vi veit fra forskning på småbarnspedagogikk feltet at arbeid med born held høgre kvalitet når ein arbeider i mindre grupper. I mindre grupper ser ein enkeltbarnet betre og fokuset i relasjonen og leiken vert prega av meir ro og kontinuitet. Vi er på bakgrunn av dette ofte inndelte i mindre grupper.
Dette i saman med motiverte vaksne med hjartet på rette staden og gode fagkunnskapar om barn og deira utvikling, ligg det til rette for ein god kvardag for borna i Nygård barnehage.
80% av våre tilsette er utdanna barnehagelærarar, og våre pedagogar har vidareutdanning innan leiing, veiledning, relasjonskompetanse og emosjonell kompetanse, samt innan barns språkutvikling.