Mulighet til å medvirke i eigen kvardag

Det er faktisk ikkje noko tog som vi skal nå!


Borna treng å få vere med å påvirke eigen dag og barndom. Vi har eit verdigrunnlag som anerkjenner borna som likeverdige men ikkje likestillte. Vaksne må bestemme det som barn ikkje kan bestemme over, og sikre god og tydeleg grensesetting med barns beste alltid i fokus.

Vi er opptekne av å klare å sjå barnets muligheter til medverknad gjennom dagen, og gripe muligheten når den er der.

I kvardagen har vi faste rutinar for mongt, og det er bra, men vi må ikkje låse oss i dette. Barna skal få vere med å påvirke.  Vi tek borna vi på alvor og følgjer opp så godt det let seg gjere. For dei minste er medverknad også ein svært viktig sak. Kroppspråket deira må vi vere særs merksame på.