Relasjonsarbeid i Nygård barnehage

I våre relasjonar ligg løysinga

Relasjonskompetanse- EQ (emosjonell kompetanse)

Livsmestring og heilhetlig psykisk helse i fokus.

Vi arbeider forebyggande iht alle slags utfordringer ved at personalet stadig står i ein utviklings og lærings prosess. Fagleg kompetanseheving innad på huset står høgt i fokus hos oss. På våre plandager og møter er lærande møter i fokus og vi arbeider utifra ein informert felles forståing og deling av fagstoff.

Barn i barnehagealder er kjenslene sine, Tenkehjerna (Coretex)er enda ikkje utvikla.

Det er i denne sårbare alderen at grunnlaget for deira emosjonelle intelligens utviklast. Derfor treng barn omsorgspersonar med høy grad av EQ. I tillegg er det i denne alderen barn utviklar grunnleggende vokabular og grammatikk (TRAS 2005). Derfor trenge dei omsorgspersonar som er opptekne av å fremme barnas språk.

Det ligg i EQ-barnehagenes visjon og målsetting å erkjenne at når barn er i rivande utvikling på enkelte område, som språk og emosjonell intelligens, er dei samtidig ekstra motiverte for leik innan dei samme områda. Det vil seie å ”smi mens jernet er varmt”. Nobelprisvinner i økonomi år 2000, James Heckman, viser i ei rekke empiriske studiar at tiltak i skulen og arbeidsmarkedet har svært begrenset betydning, sammenligna med effekten av forebyggande arbeid i barnehagen.

For eksempel vil eit barn som kan konsentrere seg, fordi det har det godt med seg sjølv og dermed også med andre, ha eit stort fortrinn når det skal tilegne seg ny kunnskap. Videre vil eit barn som har god språkforståing ved skulestart lære meir i skulen fordi eit godt språk gjær læring lettare. Ein EQ-barnehage er dermed ein forebyggande leik- og læringsarena, og derfor ei god økonomisk investering for samfunnet. Dagens barn blir morgendagens voksne i eit kunnskapssamfunn. I dette samfunnet er egenskapar som sjølvstende, tydelighet, kreativitet, evne til relasjonsbygging, samt det å beherske muntlig og skriftlig språk, avgjærende for å kunne lykkes og delta fullt ut.

Vaksne har heile ansvaret. Barn gjær som de voksne gjær. I ein EQ-barnehage vil dei vaksne etter beste evne gå inn for å:

  • Møte barn og vaksne med eit ikkje-dømmende menneskesyn som er: Alle gjær så godt dei kan, til ei kvar tid, ut fra sine forutsetningar
  • Være bevisst på korleis dei møter barna og korleis kvart møte påvirkar barnas kjensler om seg sjølv
  • Møte barna på en likeverdig måte (som er; mine og dine kjensler er like mye verdt), og velge å ta det vaksne lederansvaret
  • Møte barna med ubetinga kjærlighet, ved å møte dei med undring framfor å tolke, definere eller dømme
  • Bruke konflikthemmande språk og setje ord på eigne kjensler og kjenslene dei ser hos barna
  • Møte andre vaksne på ein likeverdig og likestilt måte

Kort oppsummert handlar det om at barn kun kan tilegne seg auka  emosjonell intelligens når dei er saman med tydelige vaksne som møter eigne og barnas kjensler med respekt, samtidig som dei tør være åpne og ærlige om kven og kor dei er til eikvar  tid, på ein ikkje sårande eller krenkande måte. Det vil sei vaksne som tek  ytringsansvar og ved det er bevisst på at måten ting seiast på, er avgjærende for om det oppleves sårande eller krenkande.

 

Vi snakkar mykje i barnehagen vår om kjensler i barnehagen og om at alle kjensler er lov. Fokus og kunnskap om relasjonar veit vi skapar tryggare og rausare barnehageansatte, og gir trygge barn. Hos oss får dei ansatte vidareutdanning innan relasjonskompetanse ved EQ- institutt. Styrar er inne i siste år i ei 3-årig utdanning ved EQ-institutt, og eine pedgogen vår er i gang med ei 1-årig utdanning. Fleire ventar på å starte når ho er ferdig. Vi delar kunnskapen vi tileignar oss med personalgruppa, og slik sikrar vi kontinuerleg personleg og kollektiv fagleg utvikling. Vi arbeider tett i personalet med reflektert dialog og strategisk kunnskapsdeling der alle inntek fagstoff jevnleg og arbeider vidare med dette i personalgruppa etterpå.

 

Gode relasjonar er viktig for å skape ein god barnehagekvardag for både barn og ansatte.

Relasjonar og relasjonskompetanse er i vår barnehage eit av våra hovedsatsingsområde, både i pedagogikken ut til barna og i samarbeid med foreldre, samt i leiings aspektet.

Nygård barnehagen kom i kontakt med Relasjonssenteret (no EQ Institute) i 2018. Sidan då har personalet vert med på kurs og lese mykje fagstoff fra kompetansesenteret. Målet er at minst 2/3 del av dei ansatte i Nygård barnehage skal ta den ettårige deltidsutdanninga ved senterets digitale studie, og bli meir kompetente og bevisste relasjonsmedarbeidarar. Når vi har fått to fleire i vårt personale i utdanning er vi sertifisert til å vere EQ-barnehage – eit langsiktig og strategisk mål vi arbeider mot med glede! Det vil seie at vi vil vere ein barnehage som skal arbeide for å fremme barnas emosjonelle intelligens (EQ) og gjennom dette styrke deira språkutvikling og evne til relasjonsbygging.

Vi har alltid vært opptatt av relasjonar og har jobba mykje med dette i mange år, men vi kjende på at vi hadde lyst til å gå enda meir i dybden og auke relasjonskompetansen vår ytterligare. 

 

Personlig språk

Å være EQ-barnehage innebærer at barnehagen jobbar målretta med å utvikle barnehagens leike- og læringsmiljø ved å ha fokus på den emosjonelle intelligensen hos dei voksne. (Sjå faktaboks om EQ-barnehagar nederst).

Blant anna er personalet blitt tydligare i kommunikasjonen med barna og med kvarandre.

 

Dei ansatte er flinke til å bruke personlig språk som «eg vil» og «kva vil du?», både overfor ungane og kollegaer.

Når vi brukar eit meir personlig språk og sier: «Evil ut og eg vil at du skal ta på deg dressen no fordi det er kaldt ute», blir det mer forutsigbart for ungane. Dei skjønner at det er du som seier det istadenfor at det blir veldig generelt og utydeleg. 

 

– Alle kjensler er lov

Vi snakkar veldig mykje om kjensler og om at alle kjensler er lov. Vi er opptatt av å formidle til ungane at det er lov å være lei seg og sint, redd og glad og er blitt mykje meir bevisst på å følge ungene gjennom kjenslene. Dei ansatte set også meir ord på kjenslene dei ser hos ungane og undrar seg meir saman med dem.

Dei ansatte kan for eksempel si: «eg opplever at du er lei deg, er du det?»

Når vi formulerer oss slik, istedenfor å bere konstatere: «Du er lei deg nå du», gir det barnet ein sjanse til å seie noko om korleis det har det.

Dei ansatte skal gå foran som trygge, gode vaksne, da må vi sette ord på det som skjer i oss sjølv også: «No vart eg redd» eller «no kjenner eg at eg faktisk blir sint fordi…». Når vi både kan sette ord på eigne behov og kjensler og dei behov og kjensler vi opplever hos barna, vil barna lære seg å gjære det same.

Dei lærer det vi gjer- vår kunnskap må komme ut i praktisk handling i vår pedagogikk. Slik er vi gode rollemodellar og vi hjelper barna i deira relasjonsbyggings arbeid. Vi veit og at gode relasjonar fremmar motivasjon for læring. Ein vinn vinn situasjon som gjev god samfunnsøkonomi på alle plan.

 

Det er svært viktig å ha ein god relasjon til seg sjølv for å kunne ha nære, kjærlige og slitesterke relasjonar til andre.

Vårt mål er at barnehagebarn skal oppleve å være saman med vaksne som har det godt med seg sjølv, for har ikkje den vaksne indre ro, blir det vanskelig for barnet finne å ro hos den voksne. Ein kan ikkje gje vekk noko ein ikkje har sjølv..

Når barn er saman med vaksne som er godt forankra i seg sjølv og som lyttar til og respekterer eigne og andres kjensler, vil barna spegle dei vaksne og sjølv lære å respektere eigne og andres kjensler.

Ifølge den amerikanske psykologen Peter Salovey ved Yale University, er det fem ferdigheter som kan knytast til emosjonell intelligens: Innsikt i eigne kjensler, styring avkjensler, motivering av seg sjølv, gjenkjenning av kjensler hos andre og kunsten å omgås andre menneske. 

 

Barn tilegner seg ferdighetene som er knytta til EQ-begrepet før sjuårs alder, ifølge hjerneforskning.

I denne perioden legges grunnlaget for om barna har ein grunnkjensle av at dei får til det dei vil, eller ein grunnkjensle av at dei ikke får til nokon ting. Om dei har den ene tenkningen eller den andre blir veldig viktig for korleis barna møter skulen og livet. I alle læringsprosessar møter vi ting vi ikkje får til og om vi gir opp med ein gang stoppar prosessen. Har vi etablert ei grunnholdning om at «eg får til det eg vil», vil vi gyve på igjen og få det til, til slutt!

 

 Kva er ein EQ-barnehage:

 

  • Det er tidligere Relasjonssenteret, no EQ -Institute som står bak EQ-barnehagen. Senteret blei etablert av familieterapeut, barnehagelærar og spesialpedagog Herdis Palsdottir og Dora Thorhallsdottir i 2006.
  • Eksisterende barnehager kan bli EQ-barnehage.
  • For å bli ein godkjed EQ-barnehage må minimum to tredjedeler av dei ansatte i barnehagen ha gjennomført eller være undervegs i EQ Institutes ettårige deltidsutdanning i EQ-kompetanse eller treårige deltidsutdanning i EQ-terapi.
  • Ein EQ-barnehage har som visjon å fremme barnas emosjonelle intelligens (Sjølvkjensle/EQ) og dermed styrke deira språkutvikling og evne til relasjonsbygging.