Vi er venner som leiker dagen lang!!! Rolleleik i fokus

Rolleleik er ein aktivitet som vi set høgt og prioriterer tid til. Både faste rolleleik grupper og spontan rolleleik er på dagsorden. Vi ynskjer stimulere leiken og hjelpe borna til god leik. Med dette meiner vi at vi ynskjer at borna skal få prøve ut ulike roller, halde på leiken over litt tid, tilføre nye element når dette trengs, observere og vere aktive vaksne i leiken. Alle born skal få vere med i variert og kjekk leik. Vi veit at da vert det og mykje god læring!

Aktive vaksne som ser  leiken som  den mest meiningskapande aktiviteten for borna, set vi høgt i Nygård barnehage. Vi er her for borna og leiken, fantasien og livet. Vennskap og felleskap, likeverd og likestilling.

For ein fantastisk viktig jobb vi har!