Utviklingsarbeid i barnehagane i fokus. Gloppen kommune har søkt og fått tildelt OU-midlar til eit utviklingsarbeid innan leiing og kvalitet i barnehagane.

I arbeidet er alle dei 8 barnehagane i kommunen med og vi har med oss konsulentselskapet Triangel til å leie prosessane.

Dei har lang røynsle frå andre kommunar, mellom anna i Nordfjord, med same programmet. Når vi har fullført utviklingsarbeidet her, har alle Nordfjordkommunane ein felles metodikk knytt til kvalitet og leiing i barnehagane.

 

I September brukte vi ein planleggingsdag til oppstarten av arbeidet og alle tilsette i barnehagesektoren var samla til kursing i Trivselshagen. Arbeidet har fokus på å utvikle barnehagane til meir lærande organisasjonar gjennom å lære nye metodar. Tydelegare leiing på alle nivå og medskaping frå alle i organisasjonen. På den måten skal vi utarbeide standardar som vi kan strekkje oss etter i det daglege arbeidet. Alle tilsette i barnehagesektoren skal i dette arbeidet høyrast, lære og utvikle seg. Vi skal vise kvarandre kva dei ulike har kome fram til som sin beste praksis innan ulike tema/felt. Målet med arbeidet er at vi skal få eit endå betre system på kvalitetsarbeidet i barnehagane gjennom ein metodikk.


Tilsette i barnehagane-15 - Klikk for stort bilete