Forskningsprosjekt " Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane"

Dei fleste barnehagane i Gloppen deltek i prosjektet som vert satt i gang våren 2016. Vi gledar ogg til å delta i samarbeid med HISF

 

 
 
 Målet er å kartlegge den fysiske aktiviteten og kva som fremjar denne type aktivitet i barnehagen.
Tilsette ved høgskulen kjem og målar vekt/høgd hos barna ( personalet vert med barnet) og foreldra svarar på eit spørjeskjema. I 14 dagar går personalet , styrar og barna  (dei som samtykker) med ein aktivitetsmålar . Den liknar litt på ein skrittellar og tilsette ved Høgskulen kjem i barnehagen og leverer ut /hentar inn.

Prosjektet heng saman med ASK prosjektet som nokre av skulane i Gloppen deltek på. Poenget med ASK er å sjå samanhengen mellom fysisk aktivitet og læring (alternativ lærestil).

Kvar enkelt forelder som har barn f 2010, 2011 og 2012 må signere eit samtykke før barnet kan få delta i dette prosjektet. Informasjonskriv og samtykkeskjema er utdelt.

http://www.nrk.no/sognogfjordane/no-skal-den-fysiske-aktiviteten-i-barnehagane-malast-1.12534709