Mobbeombudet

Mobbeombodet er ei viktig og god støtte i arbeidet med psykososialt miljø og arbeid etter barnehagelova!

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn i barnehage, elevar i grunnskulen og deira føresette. Omboda skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag. Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge i Vestland fylke får ivaretatt rettane sine til eit godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet arbeider også førebyggjande ved å delta på foreldremøte i skule og barnehage, eller ved å gi råd og støtte tilsette i arbeidet for eit trygt barnehage-og skulemiljø. Vi er takksame om de vil sende vidare informasjon om kva mobbeombodet kan bidra med til barnehagar og skular i kommunen. Heimesidene: Ombodet prøver også å gjere seg kjent med andre tilbod for trygt barnehage og skulemiljø som finst i dei ulike kommunane i Vestland, og vi ser at nokre kommunar ikkje har oppdatert informasjon om Mobbeombod-tenesta på heimesidene sine eller at denne manglar. Her er lenke med rett informasjon (oppdatert januar 2023) om ombodstenesta til kommunar som ikkje har lagt inn lenke direkte frå Vestland fylkeskommune sine sider. https://www.vestlandfylke.no/utdanning-ogkarriere/hjelp-i-skulekvardagen/mobbeombodet/