Kvalitet i handling

Vi er motiverte for barnehage drift utifra ynskje om å levere den beste kvalitet til våre brukarar, barn og foreldre. Vaksenrolla er i fokus, gode relasjonar og vennskap for alle born. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og er ein barnehage i stadig utvikling. Vi er jevnleg med i forskning i samarbeid med HISF, har studentar i praksis og er elles med på mykje spennande. Vårt fysiske miljø er tilrettelagt og romslig, både ute og inne. Vi ynskjer skape eit miljø som er godt å vere i , med stor respekt for barndomens eigenverdi.

Vi veit fra forskning på småbarnspedagogikk feltet at arbeid med born held høgre kvalitet når ein arbeider i mindre grupper. I mindre grupper ser ein lettare enkeltbarnet og fokuset i relasjonen og leiken vert prega av meir ro og kontinuitet. Vi er på bakgrunn av dette ofte inndelte i mindre grupper.

Dette i saman med motiverte vaksne med hjartet på rette staden og gode fagkunnskapar om barn og deira utvikling, ligg det til rette for ein god kvardag for borna i Nygård barnehage.