VISJON: "Med kvardagsmagi og vennegaranti"

Vår visjon for Nygård barnehage er at dette skal vere ein trygg og god stad for våre små. Vi ynskjer at det skal vere ein barnehage med kvardagsmagi og vennegaranti. For oss betyr det at vi har eit stort mål og ambisjon om å alltid arbeide og strekkje oss til det ytterste for å forsøke oppnå dette for alle born.

At alle barna i barnehagen vår har venner her er vårt hjerte ekstra nært, og vi arbeider aktivt for å forsøke få til dette. Ved å leggje til rette for gode felles opplevingar gjennom turar, leik, glede og humor er vi med å skape relasjonar og  vennskap mellom borna. Vi ynskjer at kvardagen skal vere fyllt med  leik i  alle variantar, og vi vil leggje til rette for at kvart enkelt barn skal kunne oppleve tryggleik, vennskap, glede og kvardags magi.