Jakta på opplevingar og språk

Aktiv medverknad gjennom dagen ved samtalar og praktiske oppgåver , gjev god språkstimulering. Gjennom observasjon og kartlegging sikrar vi at alle borna får vere med på ulike aktivitetar. Slik sikrar vi og like muligheter og likestilling for alle!

Vi arbeider aktivt for at borna skal få heilhetlige og rike erfaringar og opplevingar i barnehage livet. Vi veit at det er samanheng mellom dette og språktilegnelsen / ordforrådet barna tilegnar seg. Gjennom kvardagen er vi opptekne av, i alle situasjonar, å setje ord på det vi gjer og ser. Vi brukar sansane våra og er nær borna i delte grupper slik at vi betre kan sjå og høyre dei og respondere på dei. Samtalen med barnet set vi høgt. Vi arbeider
etter overbevisning om at barn lærer gjennom leik og gjennom å få vere i nære  trygge relasjonar. Hjelpemiddel hit språkstimulering har vi eks gjennom ulike program og materiell som eks "snakkepakken", "Tarkus", Vennskapspakken med kanin og Piggsvin. Det viktigste er imidlertid den vaksne og arbeidet vi gjer med borna gjennom dagen.  Alle skal bli sett og hørt, og dette arbeider vi strategisk med i grupper.