Foreldremøte og personalmøte med fokus på førebyggande arbeid mot mobbing. Foredrag og gr arbeid med mobbeombod Aina Drage

Vi fekk invitere dyktige Aina Drage som arbeider som mobbeombod i Sogn og Fjordane til å kome å halde foredrag for oss i vårt haust foreldremøte, samt arbeid i personalgruppa etterpå. Dette vart svært nyttige økter kring vårt arbeid med sosial kompetanse i barnegruppa. Fokus på tre øvingar: øve på empati, øve på sjølvhevding og øve på problemløysing. Tusen takk til Aina for super veiledning og støtte i det viktige arbeidet.