Friluftsliv og "gards"drift er eit fint liv på Nygård!

kvardagen vår er full av kjekke turar og leik inne og ute.

 

Det er mykje læring i å ta ansvar og omsorg for dyr. Våre to kje, to lam, 12 kyllinger, to kaniner og 5 høner får mykje kjærleik og godt stell med god nisterest kvar dag.

Faste turdagar fleire gongar i veka.  Vi varierer gruppene så alle får vere med gjennom veka. Vi tenkjer likestilling i alle ledd, alle skal ha like mulighetar til å vere med på ulike aktivitetar og gjere seg verdifulle erfaringar.

Tur målet varierer, Kjekt å aktivt bruke den flotte bygda vår! Grasdalen, Myra, Langisane, Veslevatnet, Elling skogen, Jølet. osv er nokre av stadane vi er glade i å vere på!

Fysisk fostring er viktig, spesiellt for små born. Dei lærer på eit fysisk nivå, på det senso motoriske stadiet. Å få fysisk kontroll over eigen kropp er ein vesentleg del av barnets aktivitet. Vi vaksne må vere gode på å leggje til rette for fysisk stimulering, hjelpe dei til å "klare sjølv" !vi har lagt ned mykje arbeid på barnehagens uteområde for å lage optimale forhold for fysisk fostring. Berg, mark, bakkar og tre å klatre i har vi på det romslige uteområdet vårt. 

Å få opp dampen er eit mål i seg sjølv! for små og store, så ofte som mogeleg.