Den viktige vaksne

Det aller viktigaste for god kvalitet i barnehagen er den gode nære vaksne som ser barnet og er opptekne av deira ve og vel. At vi er fokusert på barna som enkeltindivid og behandlar dei med stor respekt og omsorg skal vere ein sjølvfølge i Nygård barnehage. Alle skal vere garantert vennskap og felleskap hos oss. Barndomen har uerstatteleg verdi og denne forståinga ligg til grunn for alt vårt arbeid.